Dato: 08.02.2012
Laurdag 4 februar var det tid for revansj mot Gloppen 2 som var det fyrste laget damene møtte i haust. Resultatet i haust vart heller dårleg for aurlandsdamene sin del, med fattige 3 mål, mot Gloppen sine 27. Damene viste i helga at arbeidet dei har jobba med på treningane gjer resultat! Starta kampen med full "speed" og skåra fyrste målet i fyrste angrep. Dette forsette, og i ein periode leda damene med 3 mål. Gloppen innhenta målforskjellen, og dei låg ganske likt ut i andre omgang. Då fekk Aurland ein skade og laget var veldig slitne. Dette utnytta Gloppen med nokre raske kontringar som Aurlandsdamene ikkje klarde innhenta. Sluttresultatet Aurland-Gloppen 2 blei 25-32, noko damene er svært nøgde med!
J14 møtte Høyang i Aurlandshallen denne laurdagen. I utgangspunktet sleit jentene med stort fråvær denne helga, men dei fekk låne med seg Ingvild og Caroline frå J12. Kampen starta noko tregt men jentene klarte å få inn 3 mål før Høyang fekk sitt fyrste. Jentene spelte godt og alle var med å bidrog til at pauseresultatet blei 9-13 til Aurland. Etter pause tok Høyang meir innpå , men etter ein timeout klarte jentene å fokusere igjen. Nesten alle var på scoringslista denne gongen. Til og med keeper Johanna lurte inn ein straffe. Kampen enda 17-6 i Aurlands jentene sitt favør.
Tilbake
|