Sponsorar

sponsor_aurlandspb.gif

sponsor_aurlandeverk.gif

sponsor_eco.gif

 

SPAR_logo.jpg

Spar Aurland

Logo Ica.jpg

 

Coop Marked.jpg
Coop Marked Flåm

Flamsbana logo.jpg


Expert.jpg
Aurland Elektriske


Br. Sønnerheim



 

 
Mario Midje Baltov er norgesmeister
Dato: 30.01.2012

Arve Stigen var ikkje heilt i form difor hadde me bare ein boksar med i meisterskapet. Mario boksa i 75 kg klassen.

I kvartfinalen møtte Mario, Morteza Vadadian frå Trym bokseklubb. Dette blei ein tøff kamp for begge boksarane. Mario boksar ikkje i dei 2 første rundane, han slåss. Difor taper han begge dei rundane med 1 poeng. I siste runde begynner Mario å bokse og vinner sisterunden med 4 poeng og kampen med 20-18.
I Semifinalen møtte Mario, favoritten Mathias Martinsen frå Fredrikstad. I semifinalen boksar Mario bra, motstanderen finner ikkje ut av stilen til Mario. Mathias presser, men det hjelper ikkje for Mario er heile tida først ute med slag. Fin seier 15-11.
I finalen møtte Mario, Stian Helgeland frå Bergen Sparta. Han hadde vunne sine kamper på veg til finalen med mye innsatsvilje. Stian er ein sterk boksar som liker å ligge på avstand å slå rette slag.   Det passet Mario veldig bra. Når Stian slår 1 slag får han 2 tilbake. Mario boksar godt og lurt i denne kampen, han treffer mange gangar til magen for så å doble til hovud. Mario vinner kampen klart 21-10.
Mario viste på dette meisterskapet god form. Nå er vi klar for senior NM i Bergen i slutten av februar. Da boksar Mario i sin rette vektklasse som er 71 kg.
 
Sportsleg helsing
Reinhardt Sørensen



Tilbake
 

 

  Støtt AIL med

 

Copyright (c) 2012 Aurland Idrettslag