Dato: 22.01.2012
G 10 hadde to kampar i aurlandshallen laurdag. Dei starta mot Sogndal 2, der dei tapte 5-4. I andre kamp spelte dei mot Sogndal, der dei vann 7-4. Kjempeflott innsats av gutane frå 4 og 5 klasse! Det blir spennande å følgje desse vidare, seier trenar Laila.
J 12 spelte mot Årdalstangen/Jotun. J 12 var veldig tent på å vinne denne kampen, og gjekk sterkt ut og fekk første skåring. Dei jobba bra i forsvar og var farlege framfor mål. Til pause leda Aurlandsjentene med 2 mål. Dei fortsatte godt i andre omgang og Årdalsjentene låg to-tre mål bak heile vegen. Bortsett frå på slutten, då kom dei med kontringar og det vart nokså spennande dei to siste minutta. Aurlandsjentene drog seieren i land og fekk sesongens første siger; 10-9. Anne Karin var strålande fornøyd!
G 12 spelte mot Årdalstangen i tangen hallen. Her møtte dei eit lag som var svært tent på å vinne. Det var jevnt spel ganske lenge, og til pause leda Aurland 9-8. Det var ein del frustrasjon blant gutane, men når dei klarte å bruke energien på rett måte, susa dei eine målet inn etter det andre. Gutane jobba hardt i forsvar, veldig bra keeper spel og raskt angreps spel andre omgang. Dei vann til slutt 17-12. Flott jobba gutar!
Damene var veldig spente før kampen mot FLorø, seriens desidert beste lag. Men å bli kalla "trimlag" var ikkje Aurlands damene glade for. Dei viste Florø motstand frå første minutt.. Aurlandsdamene kjempa med stor innsats i forsvar og henta innatt eine kontringa føre og andre etter. Sluttresultatet enda på 9-29. Morro å følgje desse damene framover og sjå resultat av mykje trening!Tap og vinn med samme sinn!!
Søndag var det avgårde til Øvre Årdal for minihandballturnering! Så langt har vi klart å stille med 4 lag pr turnering, eit lag i kvar klasse, og er veldig fornøyd med det. Gutane og jentene i 3 klasse spelte kjempegode kampar. Dei viser stadig framgang, og får meir forståelse for spelet for kvar turnering. Jentene i 4 klasse blir stadig bedre og tøffare. Gutane i 4 klasse måtte låne nokre spelarar frå 3 klasse på denne turneringa. Men dei klarte seg veldig bra. Nokre tap og mykje vinn under heile turneringa for alle 4 lag! Tusen takk til Ivar og Nina som stiller opp som lagleiarar i 4 klasse!!
Ein kjekk søndag i Øvre Årdal!
Tilbake
|