Sponsorar

sponsor_aurlandspb.gif

sponsor_aurlandeverk.gif

sponsor_eco.gif

SPAR_logo.jpg



Spar Aurland

Logo Ica.jpg

 

 



Coop Marked.jpg
Coop Marked Flåm

Flamsbana logo.jpg


Expert.jpg
Aurland Elektriske


Br. Sønnerheim



 

 
God bokseprestasjonar av Aurlandsboksarar i helga.
Dato: 17.01.2012

Den fyrste boksaren som gjekk kamp frå Aurland var Mario Baltov Midje og han møtte Zia Ramsi frå AIK Lund. Boksaren frå Kristiansand er ein veldig sterk boksar som førre helg vant Viking Box Cup 2012i Danmark. Mario begynte rolig, mens Zia kom ut i hundre. Zia traff for det meste garden til Mario. Når Zia kom inn var han veldig open, og det utnytta Mario som trefte hardt kvar gang Zia angreip. Mario vann fyrste runde klart og i andre runde pressa Mario hardere og Zia får telling. Klar runde til Mario. I siste runde kontrollerte Mario kampen heilt og vann ein sterk og klar seier. Mario holdt på å vinne bestemannspremien på stevne med sin sterke prestasjon.    

I den andre kampen var det Arve Stigen sin tur. Han møtte teknisk gode Steffen Solbakken Larsen. Det blei ein hard fyrste runde der begge boksarane traff godt. Steffen fekk inn litt flere slag enn Arve og vinn knepent. I andre runde angreip Arve, og boksar betre. Han traff med flere slag enn Steffen og vann runden. I siste runde byrja begge boksarane å verte sleten, og dette førte til at det vart  ein jevn runde. Dommarane dømde  seirer for Steffen og Arve tapte ein jamn kamp. Arve viste god teknisk boksing i denne kampen, og med litt betre kondisjon hadde han vunnet kampen.
Neste stemne er junior-NM og B-NM i Moss. Aurland bokseklubb håpar på medalje etter hard trening og iherdig innsats i vinter.
 
 Med helsing
 Reinhardt Sørensen
Trenar




Tilbake
 

   

Lett snø  på  Østerbø, litt meir vind no, fine løyper. Vegen er stengt framom Østerbø. Det vert skirenn. skøyting. For meir infomasjon sjå idrettar/ ski over.

 

  Støtt AIL med

 

Copyright (c) 2012 Aurland Idrettslag