| Sponsorar
|




Spar Aurland


Coop Marked Flåm


Aurland Elektriske

Br. Sønnerheim

|
|
|
|
|
|
Møt Intersport i Aurlandshallen onsdag 28.mars! (15.02.2012)
Intersport Sogndal kjem til Aurland 28. mars og har salsmesse i Aurlandshallen. Det er ikkje klart kva utstyr som vil bli å finna på salsmessa, men me kjem tilbake til dette på heimesida når det nærmar seg. Ein kjem og tilbake til tidspunkt.
Det som er sikkert er at Intersport vil ha med seg klubbdressar og gensarar. Du vil finne bilete av dette nedunder dersom du klikkar på Klubbdressar.
Intersport vil ha med seg prøvar på klubbdressar og gensarar. Desse kan prøvast denne kvelden og kan bestillast samstundes. Bestillingstida er sett frå og med onsdag 28. mars 2012 til og med onsdag 04. april 2012.
Klubbdressar
Les meir...
|
Vaktliste Aurlandshallen mars 2012 (12.02.2012)
Liste med namn på vakter i Aurlandshallen mars 2012 er lagt ut . Sjå under Hallvakt mars 2012
Les meir...
|
Trippel triumf (12.02.2012)
Kristiane Sekkingstad Terum slo til med tre strake sigrar i Pingvinlekene i Bergen i helga. Laurdag blei det siger på 60 m med tida 8.84 og ny pers. Søndag følgde ho opp med førsteplass på 200 m på gode 29.14, og knapt ein time seinare sprang ho i mål som vinnar av 600 m. Tida blei 1.49.35 og personleg rekord med kring 2 sekundar. Reportasje frå 600 meteren ligg på kondis.no.
Les meir...
|
Overraska i lengde med 6.01 (12.02.2012)
Sander Sekkingstad Terum hoppa over seks meter i lengde på søndag, og overraska med å vinna juniorklassen i Pingvinlekene i Bergen med solide 6.01m. Planen var å ha ei roleg restitusjonstrening i innandørshallen, men slik blei det ikkje. -Dette hadde eg ikkje rekna med, sa Sander etter kjempehoppet. -Eigenleg slang eg med berre for moro skuld, og dette blei skikkeleg gøy!
Les meir...
|
Årsbeste i Noreg i klasse 18/19 år (11.02.2012)
Sander Sekkingstad Terum sette laurdag årsbeste i Noreg på 1500 m innandørs med den gode tida 4.03.56 i Bergen, og persa med omlag 2 sekundar. Sander deltok i seniorklassen i stemnet, og enda som nr. 2 knappe sekundet bak vinnaren, Eirik Hovlandsdal, frå Gular. Ådne Swahn Dehlin, årets bronsemedaljevinnar på 800 m i senior-NM blei nr. 3. Reportasje ligg på kondis.no.
Les meir...
|
HANDBALLKAMPAR I AURLANDSHALLEN LAURDAG 4 FEBRUAR (08.02.2012)
Laurdag 4 februar hadde J 14 og damelaget vårt heimekamp i Aurlandshallen. Damelaget møtte Gloppen 2, som var det fyrste laget dei spelte mot i haust, og J 14 møtte Høyang i ein spennande kamp .
Les meir...
|
Hovudstyret, gruppestyrer og revisorar etter valet på årsmøte 2012 (04.02.2012)
Årsmøtet i Aurland Idrettslag vart halde 25.januar 2012. Nedanfor finn du eit oppsett på hovudstyre, gruppestyrer og revisorar.
Les meir...
|
Skikarusell (30.01.2012)
1. rennet i skikarusell 2012 vert laurdag 18. februar. For meir informasjon sjå idrettar/ski over, eller her på les meir.
Les meir...
|
Mario Midje Baltov er norgesmeister (30.01.2012)
Helga 28 og 29 januar var Aurland IL på junior NM/B-NM i Moss. Dette er eit NM i for boksarar som har gått under 15 ordinære seniorkampar.
Les meir...
|
Tide Veterancup fredag 27. kl. 16:00 (26.01.2012)
Då er det klart for årets veterancup. Kampane vert spelt i Lærdal, Årdal og Aurland. I Aurlandshallen startar kampane fredag 27. januar kl. 16:00. Her vert det kampar både for veteran, superveteran og oldgirls. Som vanleg vert det kiosksal. Møt opp og sjå gamle heltar frå Viking, Ålesund og Sogndal! Aurland stiller i år med lag både i veteran og superveteran-klassen. om Meir informasjon om turneringa finn de her.
Les meir...
|
Fleire saker i arkivet
|
|
|
|
Lett snø på Østerbø, litt meir vind no, fine løyper. Vegen er stengt framom Østerbø. Det vert skirenn. skøyting. For meir infomasjon sjå idrettar/ ski over.
Støtt AIL med

|