Aurland idrettslag har stor aktivitet og aukande medlemsmasse. Laget har stor breidde i aktivitetar og har tilbod til dei fleste aldersgrupper.
Hovudmålsetjing
Aurland IL skal ha eit breitt og fleksibelt idrettstilbod, med fokus på trivsel og inkludering av alle.
Delmål
1. Aurland IL skal leggja tilhøva til rette for utøvarar som presterer godt og som vil satsa vidare på idretten sin.
2. Aurland IL skal arbeida for at trenarar, domarar og tillitsvalde vert kursa.
3. Drift av Aurland IL skal vera ei fellesoppgåve. Føresette og medlemar skal difor dragast aktivt inn i dugnadsarbeid og arbeidsoppgåver.
