Aurland idrettslag har trimtilbod til damer og herrar i Aurlandshallen
Dametrim
Måndag 19.00 - 20.00
Step 1
Lågterskel trening utan hopp og løp. Her er også ei økt med styrke. Eignar seg godt for alle.
Torsdag 17.00 - 18.00
Step 2
Step trening med høgare intensitet. Her blir det litt meir løp/hopp enn måndag step, men enkle koordinasjonar.
Instruktørar:
Torill Ebne
Britt Nancy Hagen
Beathe Ekhall Stentvedt
Therese Vindedal
Vi vil understreke at begge treningane passer for alle. Det er heilt opp til ein sjølv kor hardt ein tek i.
Link til oversikt over treningar våren 2012
Vi vil så langt råd er prøve å halde denne lista oppdatert, men endringar kan og skje på kort varsel.
Dametrimmen føl skuleferiane, så haust-, jule- og vinterferie er det ikkje trening. Det er heller ikkje trening i perioden juni-august når hallen er stengd.
Dersom det er spørsmål, kan de ta kontakt med Britt Nancy på tlf 97020969, eller Torill på tlf 41928071.


Herretrim
Herretrimmen er eit treningstilbod til vaksne menn som likar fysiske utfordringar i eit positivt og aksepterande miljø. Det er ingen krav til dugleik, kunnskap eller kompetanse, men det vert venta at du gjev alt, og helst litt til.
Trimmen har treningstid i Aurlandshallen kvar Fredag frå 19.00 til 20.30. Me har sesong frå september til mai. Aktiviteten dei siste åra er fokusert på innebandy. Frammøtet på treningane varierer frå 6 til 16. Sjølv om det er høg intensitet på treningskveldane, er det få skader. Herretrimmen er open og inkluderande, og du er hjarteleg velkomen.