Hausten 2011
Me ynskjer nye og gamle medlemmar velkomne til ein ny sesong med klatring i Aurlandshallen.
Klatregruppa startar opp med klatring for vaksne onsdag 21. september kl. 19.00.
Målgruppa her er frå vidaregåande skule og eldre. Øvre aldersgrense eksisterar ikkje. Klatring er ein sport for alle.
Ungdomsklatringa startar opp fredag 23. september kl. 18.00
Her kan alle frå 7.klasse og eldre møte opp.
Barneklatringa startar opp fredag 23. september kl. 17.30-19.00 .
Me vidarefører ordninga frå i vinter med at foreldre må vere til stades å sikre eigne barn.
Foreldre som ikkje har vore med før, tek kontakt med oss for opplæring i sikring.
Ein frå klatregruppa vil alltid vere til stades under barneklatringa dersom det skulle bli usikkerheit om noko.
Nytt i år.
Det er mogleg for medlemmar med brattkort å klatre i åpningstidene til Aurlandhallen i vekedagane.
Dei som vil nytte seg av dette tilbodet må ha eige utstyr !
Brattkortet må takast med under klatring og forevisast til vakt ved kontroll.
Vakta vil ha ei liste med navn på medlemmar hjå oss med brattkort.
Personar som ikkje er med i Aurland Idrettslag - Klatregruppa, må betala 100 kr. kvar gong dei nyttar veggen utanom organisert klatrekveld.
Er det noko de lurar på er det berre å ta kontakt.
Kristjan Arnasson Mob: 91529041 e-post: k_arnason@hotmail.com
Stian Loven Mob: 97659338 e-post: stianloven@gmail.com