

J 15 Sesongen 10/11
J15 hadde i årets sesong ikkje nok spelarar til å stille eige lag i serien, men fekk til eit samarbeid med Lærdal handball, og jentene Guro, Solfrid, Silje, Ane og Ragna melde overgang til Lærdal IL.
Før jul spelte jentene 3 kampar. Første motstandar var Jotun, resultatet vart 26-19 til Jotun. Ein greitt gjennomført kamp, med nytt lag som ikkje enno var samkøyrde, men viste gode takter.
21.november hadde Lærdal 2 heimekampar mot Sogndal 2 og Sogndal 1. Fyrste kampen enda 15 -15, ein kamp med høgt tempo og yrande liv på tribuna. Siste kampen var og jamn, men med ein kamp allereie i beina, vart dei innhenta i andre omgang, og då datt motivasjonen. Resultatet vart 23 -17.
I alle kampane har alle jentene meldt seg på scoringslista, noko som visar stor breidde og scoringsvilje!! Kjempe bra jenter!!