Friidrettsgruppa i Aurland IL samarbeider med dei andre særgruppene i idrettslaget. Vi meiner at utøvarar i aldersgruppa 6-16 år bør driva allsidig idrett, og oppmodar difor born og ungdom om å driva med løp, hopp og kast i tillegg til andre sportsgreiner.
Vi legg til rette for allsidig innetrening for aldersgruppa 5. - 10. klasse ein gong i veka og har løpstrening for ungdom. Vår og haust vert det lagt til rette for stemne på Aurland stadion, og i samband med desse vert det invitert til treningar og instruksjon. Me er i tillegg medarrangør i motbakkeløpet Rimstigen Opp som blir avvikla laurdag 28. juli i 2012.
Friidrettsgruppa har i periodar hatt høvesvis mange aktive, men har i dag berre ein utøvar som presterer på nasjonalt nivå og som konkurrerer mykje. Utøvarar som ynskjer å delta i tevlingar utover lokalt nivå, eller som ynskjer å driva meir trening må ta kontakt.
.JPG)
Sander Sekkingstad Terum (1993)