Boksegruppa i Aurland Idrettslag vart etablert i 2006. Vi ynskjer å driva ei gruppe der alle kan finna sin plass, enten dei vil konkurrera eller vera med for trimmen si skuld. Alle våre medlemar blir inkludert i det sosiale og vi har klare holdningar når det gjeld rasisme, vold, rusmidlar og det å syne vanleg folkeskikk. Boksegruppa har eit veldig godt miljø.
Den første tida som ung og fersk boksar vil vera prega av teknikktrening og ikkje så mykje fokus på styrke og kondisjon. Det kjem etter kvart. For dei som ynskjer å satse vil det etter kvart vera naturleg å bokse kampar og konkurransar. Frå 14 år til og med 16 år er du ungdomsbokser, frå 17 år til 19 år junioroksar, og det året du fyller 20 er du senior boksar. Det er mogleg å bokse diplom kamper, her blir boksarane kun dømt etter teknikk, fotarbeid, gard og slag.
Hvis du har lyst å prøva boksing er det berre å ta kontakt med boksegruppa eller komme innom når vi trenar, våre instruktørar er klare til å hjelpe deg.
Boksing er flott som alternativ trening! Vi kan tilby trening til andre idrettslag og verksemder, ta kontakt for meir informasjon.
Kontaktperson: Reinhardt Sørensen, mob. 95984604