Kvar onsdag kl 18.00 – 19.00 er det eit yrande liv med store og små barn i Aurlandshallen. Hallen er delt i tre, og i kvar hall er det full aktivitet. Inndelinga ser
slik ut:
Gruppe 1: 4 og 5 åringar (fødd 2006 og 2007)
Gruppe 2: 1. og 2.klasse
Gruppe 3: 3. og 4.klasse
Gruppe 1 skal ha foreldra til stades under aktivitetane.
Gruppe 3 vert trena av representantar frå dei ulike særgruppene. Sjå eiga liste.
Siste treningsdagen for barneidretten før jul vert onsdag 14. desember.

Det er særs viktig at de overheld regelen om skobruk i hallen!
I idrettshallen skal brukarane berre nytta sko for innebruk, med såle som ikkje set merke, eller gå berrføtt. Sko som vert brukt ute skal ikkje nyttast inne i hallen. Utesko skal plasserast i skohylle utanfor garderobane.
Om det er noko de lurar på, kan de ta kontakt med styret i barneidrettsgruppa ved Marte T. Håland
Mail: marte_torud@hotmail.com
Telefon (mob): 95016388
-barneidrettsgruppa-