Dato: 30.06.2010
Gutar 11 var sist helg med i Sognefjord Lerum Cup. Det vart ei flott helg for både spelarar og leiarar. I løpet av helga spelte laget fem kampar, og kunne oppsummere med 23 scora mål, tre sigrar, ein uavgjort og eit tap. Det var eit godt lilleguttlag frå Florø som slo oss i den eine kampen. Likevel var det fleire som i ettertid omtalte akkurat denne kampen som den kjekkaste å spele. Det enda 7-4 til sunnfjordingane, men kampen var likevel temmeleg jamn, og inneheldt det ein skikkeleg fotballkamp skal gjere; stor innsats, harde duellar, flott spel og flotte scoringar frå begge lag.
Laget overnatta i Sogndal frå fredag til laurdag. På flatseng i storhallen til Sogndal var det ein sliten gjeng som etter ein lang dag med fotball og kveldstur og aktivitetar i Fjøra, snøgt fann roa ved 23.30 tida fredag kveld. Kampane fredag vart spela mot Austreim Kaland (siger 7 - 1) og Sykkylven (3 – 3)
Klokka 07.30 laurdag var det opp igjen for frukost og avreise til nye kampar på det flotte baneanlegget på Hafslo. Dei fine grasbanene var i seg sjølve eit høgdepunkt å spele på. Etter to kampar laurdag, som enda med 5 – 2 siger mot Arna Bjørnar og det nemnde tapet mot Florø, reiste dei fleste heim til Aurland med bussen.
Søndag klokka 14.00 spelte me siste kampen mot Gol. Laget runda av den flotte helga med ein grei 4 – 0 siger.
13 spelarar og tre leiarar var med på turneringa. Det gjekk stort sett knirkefritt. Nokre er ei erfaring rikare med tanke på å halde styr på ting og tang, men alt i alt var det små problem og spelarane ser ut til å trivast godt i lag.
Sidan sesongstarten i slutten av april har laget no spela 13 fotballkampar, og det passa godt med ferie no. Takk til Ronny Bøe som stilte opp som bussjåfør. Det var svært praktisk å reise samla med buss.
Måndag 9. august vert første trening før haustsesongen som startar måndag 16. august. Litt i forkant av denne treninga vart me samde om at det ikkje ville skade å trene ein gong eller to på eiga hand.

Adrian fyrer laus ....

Johannes scorar.....

Siver skyt med den gode venstrefoten sin.....

To ivrige gutar, som gjerne skulle vore med ......

Glade gutar, etter flott innsats.....
God sommar
Ottar Thy/Arne Veum
Tilbake
|