Dato: 22.05.2010
Noregs brattaste riksveg Stalheimskleiva Opp er eitt av fire motbakkeløp i Voss kommune, og vart i år arrangert for 3. gong. Løpet er 2 km langt og har ei samla oppstigning på 280 meter. Deltakinga var svært god, og dei beste løprarane på Vestlandet stod på startstreken. Mellom andre Kristen Skjeldal, som er meir kjend som ein tidlegare langrennsløpar i verdenstoppen. Han var omlag halvminuttet føre Sander, og har dei siste åra satsa mykje på motbakkeløping. Også dei to beste løparane til Storehaugen Opp forrige helg var med, og på nytt vart det eit knallhardt oppgjer om 1.plassen. Vinnaren av løpet blei som i Lærdal, Asbjørn Berland (19 år), med tida 9.12. Informasjon om resultat frå Stalheimskleiva Opp, og andre motbakkeløp løp på Voss er å finna på: http://www.vossoppturar.no/  
Tilbake
|