Sponsorar

sponsor_aurlandspb.gif

sponsor_aurlandeverk.gif

sponsor_eco.gif

SPAR_logo.jpg



Spar Aurland

Logo Ica.jpg

 

 



Coop Marked.jpg
Coop Marked Flåm

Flamsbana logo.jpg


Expert.jpg
Aurland Elektriske


Br. Sønnerheim



 

 
 
Hovudstyret, gruppestyrer og revisorar etter valet på årsmøte 2012 (04.02.2012)

Årsmøtet i Aurland Idrettslag vart halde 25.januar 2012. Nedanfor finn du eit oppsett på hovudstyre, gruppestyrer og revisorar.
Les meir...


Skiløype på Onstadbøane (04.02.2012)

Det vert oppkøyrt løype på Onstadbøane, så dei som har lyst å gå på  ski i helga i bygda kan ta turen til Onstad. Snøen kom litt for seint til at det vert skirenn denne helga, men det er no fint å gå på ski likevel.

 
Les meir...


Skikarusell (30.01.2012)

 

1. rennet i skikarusell 2012 vert laurdag 18. februar. For meir informasjon sjå idrettar/ski over, eller her på les meir.


Les meir...


Mario Midje Baltov er norgesmeister  (30.01.2012)

Helga 28 og 29 januar var Aurland IL på junior NM/B-NM i Moss. Dette er eit NM i for boksarar som har gått under 15 ordinære seniorkampar.

  


Les meir...


Tide Veterancup fredag 27. kl. 16:00 (26.01.2012)

Då er det klart for årets veterancup. Kampane vert spelt i Lærdal, Årdal og Aurland. I Aurlandshallen startar kampane fredag 27. januar  kl. 16:00. Her vert det kampar både for veteran, superveteran og oldgirls. Som vanleg vert det kiosksal. Møt opp og sjå gamle heltar frå Viking, Ålesund og Sogndal! Aurland stiller i år med lag både i veteran og superveteran-klassen. om Meir informasjon om turneringa finn de her

 
Les meir...


Toppidrettsutøvarar fekk stipend (25.01.2012)

Sander Sekkingstad Terum (friidrett) og Mario Baltov Midje (boksing) blei på Aurland IL sitt årsmøte heidra med Flåm Utvikling(http://www.visitflam.com/default.asp) sitt prestasjonsstipend for gode sportslege resultat i 2011. Sander vart i fjor ungdomsmeistar på 2000 m hinder, han fekk bronsemedalje på 3000 m hinder i senior-NM og tok dessutan bronsemedalje på 1500 m innandørs i ungdoms-NM. Mario har utvikla seg vidare som boksar, og vann mellom gull i B-NM og i eit stort stemne i Askim. Han gikk og til topps i eit større boksestemne i Bergen.
Les meir...


Blei årets medlem i AIL (25.01.2012)

Olav Terum blei på årsmøtet til Aurland IL kåra til årets medlem. Leiar Alf Strømsnes la i overrekkinga si vekt på at Olav i ei årrekkje har gjort stor innsats i ulike verv i idrettslaget, at han har oppnådd gode resultat med dei utøvarane han har trenaransvar for og at han sjølv har fått fine passeringar i friidrett. Mellom anna sølvmedalje i veteran-NM i motbakkeløp i 2011.
Les meir...


Boksing for 3-4 kl. på barneidrett på onsdag 25.01 (24.01.2012)

Klatring og boksing bytar dagar. 15 februar vert det klatring for 3-4 klassingane på barneidretten.


Les meir...


Info frå klatregruppa. (24.01.2012)

Det blir ingen klatring fredag 27 januar grunna veterancup.


Les meir...


AKTIV HELG FOR HANDBALLGRUPPA (22.01.2012)

Laurdag 21 og søndag 22 har vore aktive dagar for handballgruppa. 4 lag frå minihandball, G 10, G12, J 12 samt D5 har vore i aksjon. Laurdag var det heimekampar for G10, J12 og D5 og bortekamp for G12. Søndag var det minihandballturnering for 3 og 4 klassingar i Øvre Årdal


Les meir...



Fleire saker i arkivet

 

   

  Støtt AIL med

 

Copyright (c) 2012 Aurland Idrettslag