Sponsorar

sponsor_aurlandspb.gif

sponsor_aurlandeverk.gif

sponsor_eco.gif

SPAR_logo.jpg



Spar Aurland

Logo Ica.jpg

 

 



Coop Marked.jpg
Coop Marked Flåm

Flamsbana logo.jpg


Expert.jpg
Aurland Elektriske


Br. Sønnerheim



 

 
Aktuelt
Vann i Gøteborg (02.07.2010)

Sander Sekkingstad Terum vann fredag 2000m hinder i Verdensungdomsspelen i Gøteborg. Han fekk tida 6.15.99, noko som er knappe 6 sekundar bak Odd Bjørn Hjelmeset sin aldersrekord frå 1988. Denne bør "ryke" i løpet av sesongen. Sander leia løpet frå start til mål, og opparbeidde seg tidleg ei komfortabel leiing i feltet som bestod av svenske og danske løparar, i tillegg til Sander. På laurdag blei det 2. plass på 1500 meter.
Les meir...


Flott innsats i Sognefjord Cup (30.06.2010)

Gutar 11 var sist helg med i Sognefjord Lerum Cup. Det vart ei flott helg for både spelarar og leiarar. I løpet av helga spelte laget fem kampar, og kunne oppsummere med 23 scora mål, tre sigrar, ein uavgjort og eit tap.
Les meir...


To gutar på keeperskule (24.06.2010)

Aurland IL hadde to gutar med på Terje Skjeldestad keeperskule sist helg.


Les meir...


Sette aldersrekord på 800m (20.06.2010)

Sander Sekkingstad Terum slo til med knallsterke 1.55.94 på 800m under Veidekkelekene på Lillehammer. Dette heldt til siger i klasse 17 år, er pers med over 3 sekundar og dessutan ny aldersrekord for Sogn og Fjordane. Den gamle rekorden var på 1.56.02, og vart sett i 1989. Sander drog løpet frå start til mål, med to jamne rundar på underkant av 58 blank. Tida til Sander er nest best i landet så langt i sesongen, berre eit par tidelar bak bestetida.



Flott 4.plass til Magnar (13.06.2010)

Magnar Dalen deltok forrige helg på Den Norske Fjellmaraton på Beitostølen, og sprang den 8 km lange løypa. Magnar heldt god fart, og med tida 25.47 vart han nummer fire. Heile 63 løparar deltok i klasse 50+. Sjå resultat m.m. på: http://www.beitoworldcup.com/article.asp?w=65594325&x=10654&level1=57913299 Om alt går etter planen stiller den spreke veteranen til start i motbakkeløpet Molden Opp neste helg. Løpet har start i Marifjøra og målgang på Molden ca 1100 moh. Løypelengden er kring 7 km. For meir informasjon sjå: http://www.moldenopp.no/



Persa på 3000m  (12.06.2010)

Sander Sekkingstad Terum vart i helga nr. 2 på 3000m i Tyrvinglekene i Oslo. Tida blei 9.06., og dermed pers med 6 sekundar. Også på 800m laurdag vart det ei flott tid. Sander fekk 1.59.6, berre 5 tidelar bak persen frå i fjor. Dette heldt til 5.plass i eit sterkt og jamnt felt der vinnartida var på 1.58-talet.
Les meir...


Flotte resultat i Bergen (07.06.2010)

Kristiane Sekkingstad Terum deltok i helga på Framoleikane i friidrett på Fana stadion. Ho fekk flotte resultat, og imponerte med heile 3.68m i lengde, 9.82 på 60m og 2.07.1 på 600m. Også Sander var i aksjon. Han sette ny pers på 1500m med tida 4.08.8, og skal til helga delta på 3000m og 800m under Tyrvingleikane i Oslo.



Aurlandsfjellet Extreme Triathlon (03.06.2010)

Den 10. september i 2011 vil Bergen Triathlonklubb truleg arrangere det dei kallar "verdens hardaste half-ironman" i Aurland. Løypa blir av det knallharde slaget. Ca 2 km symjing i fjorden, sykling tur/retur Lærdal (Snøvegen) og til slutt springing frå Vassbygdevatnet til Østerbø. Arrangementet har alt vekt international interesse, og prøveløp vert gjennomført til sommaren. Aurland IL vil delta med funksjonærar under hovedløpet i 2011. Sjå den flotte heimesida på denne linken: http://axtri.no 



Comeback og siger til Magnar Dalen (22.05.2010)

Magnar Dalen gjorde eit kjempeløp i Stalheimskleiva Opp laurdag, og slo sin eigen rekord frå i fjor med eit minutt. Han blei nr. 1 i klasse 55-64 år, og fekk tida 12.27, ti sekundar føre nummer to. Sander Sekkingstad Terum blei nr. 2 i kl. 17-19 år med tida 9.56, og var totalt nr. 5 av alle startande. Olav Terum sprang på 11.22, og det heldt til 4.plass i kl. 45-54 år.
Les meir...


Klassesiger i Storehaugen Opp (13.05.2010)

Olav Terum vann klasse 50-54 år i motbakkeløpet Storehaugen Opp i Lærdal torsdag. Tida blei 41.46 i den 3,4 km lange trasèen med ei stigning på 28% og målgang 908 moh. Magnar Dalen gjorde òg flott innsats, og blei nr. 3 i klasse 55-59 år med tida 49.52.
Les meir...



Fleire saker i arkivet
 
MELDINGAR

Idrettslaget har pause i sin aktivitet i Aurlandshallen i juni, juli og august. Dei ulike gruppene vil annonsere tidspunkt for oppstart til hausten. 

Trimrommet er stengt i veke 24, 25, 26 og 27 (14. juni - 11. juli). Elles vanlege opningstider. 

 
Neste aktivitet

Ingen planlagde aktivitetar

 
AKTIVITETSKALENDAR
 
AURLANDSHALLEN
 

        Støtt AIL med

 

Copyright (c) 2010 Aurland Idrettslag